Re: BSD Trivia spørgsmål of the week - #1

From: Jakob Breivik Grimstveit (none@jakob--grimstveit.no.lh.bsd-dk.dk)
Date: Tue 14 Nov 2006 - 16:57:03 CET


Date: Tue, 14 Nov 2006 16:57:03 +0100
From: "Jakob Breivik Grimstveit" <none@jakob--grimstveit.no.lh.bsd-dk.dk>
To: bsd-dk@bsd-dk.dk
Subject: Re: BSD Trivia spørgsmål of the week - #1

2006/11/14, Phil Regnauld <none@regnauld--x0.dk.lh.bsd-dk.dk>:

> "På en UFS partition løber man tør for inodes. Der er ikke plads nok på
> de andre partitioner for at flytte data og lave en symbolic link, og man
> kan ikke tilføje flere diske til maskinen. (Den sidder typisk i et rack,
> med remote adgang only). Hvilket workaround vil man kunne anvende for at
> løse problemet ?"

Om ein går tom for inoder er det vel ikkje noko god løysing å utvide
disken, med mindre ein på eit eller anna magisk vis kan auke antall
inoder tilgjengeleg for filsystemet (kjenner ikkje spesifikt til UFS i
denne samanhengen).

Om det finnast fleire maskiner i racket (eller på LANet) kan ein
kanskje setje opp ein NFS-server (helst via gigabit-nett eller
liknande høghastighets nettverk, som fiber) på ei anna maskin som har
ledig disk og montere denne, enten som ei ny mappe, eller migrere ein
del av eksisterande mappehierarki over til annan server.

NFS-montering av til dømes /usr/src og /usr/ports på liknande maskiner
er til dømes eit svært praktisk oppsett.

Der vil /etc/exports inneholde:
/usr/src /usr/ports -maproot=0 -network 192.168.80.0 -mask 255.255.255.0
(tilpass network og netmask til lokalt oppsett)

På FreeBSD må ein ha fylgjande i /etc/rc.conf for å starte opp ein NFS-server:
rpcbind_enable="YES"
nfs_server_enable="YES"
mountd_flags="-r"

Klienten må ha dette i /etc/rc.conf:
nfs_client_enable="YES"

/etc/fstab for denne NFS-share:
server:/usr/ports /usr/ports nfs rw 0 0
server:/usr/src /usr/ports nfs rw 0 0

Husk at NFS og file locking ofte ikkje passer godt sammen, for
eksempel i tilfellet med Apache.

Om sikkerhet er veldig viktig kan også ports som sysutils/fusefs-sshfs
vere eit alternativ, men her er hastigheten betrakteleg lågare enn NFS
(og krav til cpu høgare).

-- 
Jakob Breivik Grimstveit - http://grimstveit.no/jakob - +47 48298152



This archive was generated by hypermail 2b30 : Thu 30 Nov 2006 - 23:00:03 CET